Hallo!

Breiddegrad er eit lite studio på Sunnmøre, med breidde innan design, foto & film

Kommunikasjon & visuell formidling

Design for trykte og digitale flater, kosept, foto, nettside – frå idé til ferdig resultat.
Portrett Sondre Marøy med Frikk på skuldrene

Om studioet

Breiddegrad Studio drivast av meg, Sondre Marøy. Eg er designar, fotograf og familiefar som omsider har vendt tilbake til heimtraktene på Sunnmøre, etter fleire år i Oslo.

Visuell formidling er ein lidenskap som strekk seg tilbake så langt eg kan hugse. Eg drivast av nysgjerrigheit og skaparglede, og er oppteken av å levere kvalitet.

Formelt har eg ei bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, samt nokre studieår med grafisk design i Bergen og eit år innan illustrasjon i England.

Med variert bakgrunn, både frå frilanslivet, konsulentbransje og byrå, kan eg i dag tilby eit breidt tenestespekter innan design og kommunikasjon. Uavhengig av type prosjekt vil målet mitt alltid vere det same: at du som kunde skal bli knakande fornøgd.

Har du eit spanande prosjekt i tankane?

Ikkje nøl med å ta kontakt: