Design

Grafikk for bedrift og kvarmann

Design er eit omfattande begrep som brukast om mykje, og Breiddegrad Studio har ei breid tilnærming til faget. Med kompetanse innan fleire former for visuell kommunikasjon leverast løysinger som passer deg og dine behov.

Logo & merkevare

Ein gjennomtenkt logo og visuell identitet bidreg med å tydeleggjere kven du eller bedrifta di er. Eg hjelp deg å utvikle merkevare som gjenspeglar verdiane og visjonen din – med hensyn til alt fra fargeval til typografi, og sørger for at det visuelle uttrykket heng godt saman og formidler bodskapet ditt på ein tydeleg og samanhengande måte.

Trykksaker

Eg designer det du måtte ønskje innan trykksaker, og lagar alt frå brosjyrer, plakatar, visittkort til større blekk, som t.d. årsrapportar og bøker. Med fokus på både estetikk og struktur, tillbyr eg heilheitleg design som formidlar bodskapet klart og tydeleg. Enten du treng materiell til markedsføring, arrangement, eller daglig drift, sørger eg for at trykksakene gir eit sterkt og solid inntrykk.

Skjermdesign

Treng du design til digitale flater, som annonser og sosiale medier? Med fokus på uttrykk, bodskap og merkevarekonsistens, sørger eg for at annonsene dine skil seg ut i feeden. Enten det er statiske bilder, animerte annonser, eller karusellar - leverer eg design som engasjerer og konverterer.

Illustrasjon & infografikk

Med illustrasjon kan du visualisere informasjon på ein meir forståeleg og engasjerende måte. Enten det er til nettsider, rapportar, eller sosiale medier, kan eg hjelpe deg med å teikne element som gjør innhaldet meir levende og lettfatteleg.